Effektiv stoppar for sal i utlandet

Aftenposten skreiv 19. desember om Per Petterson som brukte fem månader på å fikse omsettinga av Ut å stjæle hester. Han fikk ikkje fem øre for det.

Eg har opplevd liknande. Boka Bedre hukommelse: Best of Memo ga eg ut på eige forlag i Noreg. Så var det tid for å spreie boka til andre land. Eg fann omsettarar med god merittliste. Da eg fekk omsett dansk manus fekk eg sjokk. Teksten var mildt sagt mishandla. Omsettaren hadde ikkje berre omsett manus, den var også redigert i stort omfang. Husk at manus allereie var redigert av meg og dyktige redaktørar i Noreg. Dersom ein er ekstremt heldig kan ekstra redigering i utlandet heve kvaliteten på manus. Men den sjansen ville eg aldri tatt.

Eg brukte vekevis i freistnad på å rehabilitere manus, men gav opp etter 20 sider av ei bok på 192 sider. Heile omsettinga måtte forkastast. Tid var tapt, pengar ut vindauget. Men som Per Petterson innsåg: god omsetting er heilt nødvendig. Ei dårlig omsetting kan vere kroken på døra for alle dine framtidige bøker i det landet. Om eg skal sette ord på jobben som Per Petterson gjorde så må det bli: eksepsjonell. Her hadde Petterson brukt årevis på å skrive boka. Eg reknar med han var ganske lei. Så får han ei dårlig omsetting i fanget. Han går da gjennom den smertefulle prosessen med å redigere eit manus han er drit lei av. I fem månader. Fordi at omsettaren ikkje har gjort jobben sin. Det kjennes nesten som at du har blitt intervjua av ei avis, og halvparten av sitata er feil. Berre at i dette tilfelle er intervjuet på 200 sider.

Det finns nesten ingenting eg verdsetter høgare enn ein dyktig omsettar. Men det finns heller ikkje ting eg misliker meir enn ein dårlig omsettar.

Eg fann ein ny omsettar – denne gongen ein nordmann i Danmark. Heldigvis var ho fantastisk dyktig. Eg vil aldri gløyme det arbeidet ho gjorde, spesielt fordi eg veit kor hardt det er å fikse på dårlige omsettingar. Omsetting er generelt et stort problem for litteraturen. Forfattaren får sjeldan lese omsettinga (fordi folk flest gir ut på etablert forlag), eller forfattaren kan ikkje språket. Utanlandske redaktørar kan også finne på å redigere manus, etter at teksten er omsett. Det er til ei viss grad forståeleg, dersom det er nasjonale forhold å ta hensyn til. Men tenk deg absurditeten i eit liknande scenario:

Du blir intervjua av VG.
Journalisten skriver intervjuet og det blir trykka.
Intervjuet blir omsett til finsk.
En finsk journalist redigerer det omsette intervjuet.

Alle  forstår at dess fleire ledd dess større risikoen for feil. Alle forstår det, unntatt redaktøren i utlandet. Ein redaktør i utlandet bør kun kontrollere at omsettinga ikkje inneheld ting som tilsynelatande er feil. Men dette vil vanligvis korrekturleser gjere.

Eg bruker å køyre ein test for å luke ut omsettarar, ved å seie denne setninga:

Norsk og dansk liknar veldig. Skulle eg omsett frå norsk til dansk ville eg faktisk brukt ’Søk og erstatt’ – for deretter å gått gjennom manus og tatt det som ikkje blei fanga opp. Er du einig?

Dersom omsettaren ler av påstanden, så droppar eg denne omsettaren. Han trur tydeligvis at oppdraget inneber redigering eller kunstnariske sprell. Eg meiner at det å omsette ei bok, skal vere litt som å omsette eit avisintervju. Så nærme originalen som mogeleg.

Risikoen for dårlig omsetting er stor dessverre. I boka Slik gir du ut på eige forlag kan du lese fleire tips om korleis ein unngår å tape tid og pengar på dårlig omsetting. Der kan du også lese nokre hysterisk feilaktige omsettingar. Og kven er det som blir ramma av dårleg omsetting? Forfattaren 🙂